Om dette arrangementet

Tid
13:00 - 14:00
Pris
Gratis
Bibliotek
Sted / Rom
Østfoldrommet
Målgruppe

Sigrun Slapgard: Et hemmelig liv

Sigrun Slapgard er journalist og forfattar. Ho har jobba som utanriksjournalist i NRK og har skrive ei rekkje bøker. Møt henne på Fredrikstad bibliotek.

I si nyaste bok, Eit hemmeleg liv – spesialagent og Spaniafrivillig Wilhelm Holst, har ho plukka opp tråden frå boka om Lise Lindbæk, med jakta på løyndomane til den Paris-baserte norske forretningsmannen Wilhelm Holst. Han melde seg til frivillig innsats i kampen mot fascismen i Spania, og vart seinare alliert agent i hemmeleg kamp mot nazistane i Frankrike. Han skulle betale den høgste prisen da hans to unge søner vart skotne av tyskarane i aprildagane 1940 i Ådalen.

For Krigens penn. Ein biografi om Lise Lindbæk (2002) blei ho nominert til Brageprisen og fekk Melsom-prisen. For romanen Englestien (2013) fekk ho Nynorsk litteraturpris. Slapgard har også skrive den kritikarroste biografien Dikterdronningen (2007) om Sigrid Undset, og dokumentaren Eg har sett jaguaren med latinamerikanske historier.

 

Eit hemmeleg liv blei nominert til Brageprisen, fekk terningkast seks av fleire kritikarar, og omtalt som «suveren spenning» i VG.